torsdag 5. juni 2014

Ønskelister

Fleire har tatt kontakt og lurt på kva vi ønskjer oss i bryllupsgåve. Ønskjeliste finn du på Tilbords, Jernia og Kitch'n. Vi blir også veldig glade dersom nokon i staden for å gi gåve vil gi pengar til bryllupsreise.

Ønskeliste på Tilbords: registrert på Olve Sæther, dato 12. juli. (Link her)
Ønskeliste på Kitch'n: registrert på Malin Richardsen, dato 12. juli. (Link her)
Ønskeliste på Jernia: (Link her)

søndag 11. mai 2014

Meir info om slektsfesten

Kjære alle sammen!

Vi er veldig glade for at så mange har lyst til å komme å feire dagen med oss! På denne sida vil vi legge ut informasjon om dagen.

Bryllupsfesten starter kl 13.30 og lokalet blir Johansbuda på Valderøya.  Kart dit finn du HER. Meir info om staden finn du HER.

Vi starter med middag rundt kl 14.00, om nokon vil seie noko under middagen, ta gjerne kontakt med Olve på olvegodo@gmail.com. Etter middag vil det bli aktivitetar for born ute og bildetaking før vi går inn igjen for å drikke kaffi og ete kaker. Her kan dei som vil også sei nokre ord, men då held det å plinge på glaset. Kl 19.30 vil også venner av brudeparet komme. Dei som vil må gjerne vere med på vennefesten også, men vi tenker at det er naturlig at dei minste tek kvelden før den tid.

Vel møtt!

Helsing Olve og Malin


Omtrent slik såg vi for oss at bryllaupsbildet ville vere i 2007, då dette bildet vart teken.